Hilmar Alexandersen  var frå Egge i Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag. Han var fødd 22. november 1903 og døydde 28. april 1993.
Hans glimrande felespell gjorde han til ein av dei største folkemusikarane i Norge og Norden på 1900-talet. Begge foreldra hans song og tralla slåttar som Hilmar høyrde i sin barndom. Tonearven frå foreldra er kjenneteikna ved bruken av reine naturtonar og den ekte speleglede og tonekjensle han viste i spelet sitt.
Hilmar var sterkt forankra i det tradisjonelle, samtidig som han viste interesse og evner for det nyskapande og eksperimentelle. Dette galdt både i form og innhald, sjølve musikken så vel i solo som samspel. Hilmar skapte ny tradisjon med si sterke formidling. Han var både underhaldar og spelemann, åleine eller i samspell med andre musikarar.
Plateinnspelingane med P.A. Røstad og hans orkester er kjente og kjære for heile gammeldans-Noreg. Gjennom mange år var han fast bidragsyter til NRK sitt folkemusikkarkiv og til Folkemusikkhalvtimen. Med sin heilt spesielle tone har Hilmar for alltid skrive seg inn i norsk musikksoge.


Hilmarfestivalen  10. - 13. november 2011
Hilmar Alexandersen Musikkpris

Stiftinga Hilmar Alexandersen deler ut Hilmarpris .
Det er Steinkjer kommune og Nord-Trøndelag Fylkeskommune som går inn med pengar til Hilmar Alexandersen Musikkpris.
Prisen består av eit diplom og et pengebeløp.

Juryen har bestått av:
  • Anders Skaugen, Nord-Trøndelag Fylke
  • Ellen Samuelsen, Steinkjer kommune,
  • Magnar Sundt, folkemusikkmiljøet
  • Odd Sæheim, Stiftinga Hilmar Alexandersen
Tidligere prisvinnere
Susanne Lundeng  - 1991
Knut Hamre - 1992
Leif Inge Schjølberg - 1993
Hans W. Brimi - 1995
Geir Erik Larsen - 2004
Petter Andreas Røstad `s - 2003
Sven Nyhus - 1999
Majorstuen - 2005
Programmet 2011
Hilmarfestivalen er den største festivalen for tradisjonsmusikk og dans i Midt-Norge og blir arrangert for å heidre ein av dei største spelemennene i Noreg og Norden på 1900-talet: Hilmar Alexandersen.
Sjå fleire detaljer om programmet på Hilmarfestivalen si heimeside nedenfor

 Annbjørg Lien  - 2006
Stiftinga Hilmar Alexandersen  gjev Hilmar Alexandersen Musikkpris 2007  til Knut Buen.
Knut Buen står, som Hilmar Alexandersen, fram som rotfast i tidlegare tiders kultur, men maktar å kommunisere denne kulturen og tradisjonen på nye og banebrytande måtar inn i ei ny tid. Knut Buen har fleire gonger framheva Hilmar som ei inspirasjonskjelde og har også produsert ein CD på sitt eige plateselskap med arkivopptak av Hilmar frå NRK sitt rikhaldige arkiv.

Hilmarprisen 2007 til Knut Buen
Hilmarprisen 2008 til Gunnar Stubseid
Jurien for Hilmar Alexandersen Musikkpris har gitt prisen for 2008 til rektoren og spellemannen Gunnar Stubseid (60). Han er rektor ved Ole Bull-akademiet på Voss og uten tvil en av Norges ledende musikere i sin sjanger. Prisen blir delt ut under Hilmar Alexandersen Musikkfestival i Steinkjer 6.-9.. november. Prisvinneren har mange år bak seg som folkemusiker. Fra starten av med kappleiker og studier på 1960- og tidlig 70-tall fram til dagens posisjon som en av Norges ledende spellemenn på hardingfele.

Hilmarprisen 2009 til Martin Myhr
Hilmarprisen 2010 til Kirsten Bråten Berg
Folkesanger og sølvsmed Kirsten Bråten Berg er en av landets aller viktigste tradisjonsbærere av vokal folkemusikk. Ho er født 1950 i Arendal, og har vært bosatt i Setesdal siden 1973.
Bråten Berg startet sitt samarbeid med andre musikere i gruppa Slinkombas (1978-1982). Gruppas første utgivelse fikk spellemannpris. Av medlemmene i Slinkombas er det særlig Hallvard T. Bjørgum ho har samarbeidet med i årene etterpå. Saman har de gitt ut en rekke plater.
Juryens grunngjeving for å gi prisen til Myhr er at han kan vise til eit uvanleg høgt og variert aktivitetsnivå som folkedansar. I snart 30 år har han vori mellom dei fremste hallingdansarane i Norge. Han har i denne perioden vunni Landskappleiken (NM i folkemusikk og folkedans) i hallingdans 7 gonger - 1981, 1987, 1990, 1996, 1999, 2005 og 2008. I ein alder av 48 år er han framleis like sprek og aktiv på scenen m.a. som medlem av dansekompaniet Frikar.
Frå 1980 og fram til i dag har han gjennomført ca 2200 skolekonsertar hovudsakleg i Norge, men har også turnert i Sverige, Danmark og på Færøyane.Han har hatt ulike oppdrag rundt om i Europa og fleire gongar i USA.
Du hører
Hilmar spille
Trønderbrura